Reiarlaget tek grep og innfører strengare krav

Reiarlaget no tek grep etter klagene på røykutsleppet over Olden.

Reiarlaget har totalt 26 anløp i Olden i løpet av sesongen, og lovar no å ta grep for å unngå liknande røykslør som det som la seg over Olden 16. mai.  Foto: Gunnhild Sindre (arkivfoto)

Dette er kriteriet som vert nytta når dei skal inn i Verdsarvområda, og reiarlaget vil no nytte dei same kriteria når skipa deira skal inn til Olden

Nyhende

Saka har gått heilt til topps i reiarlaget, og driftssjef Oldeide har fått tilbakemelding frå øvste leiing i selskapet.

– Dei reagerer sjølve på saka, og har gjort vedtak om heretter ikkje å bruke tungolje når dei går inn til Olden, seier Oldeide til Fjordingen.

Stor ekstrakostnad

– Dei legg dermed på seg sjølve ein stor ekstrakostnad for å kunne handtere dette og sikre seg at denne situasjonen ikkje oppstår igjen. Dei har totalt 26 anløp hos oss i år, seier driftssjefen.

Dette betyr i praksis at Cunard Line vil nytte same reglar for skipa sine når dei går inn til Olden som dei elles nyttar når dei går inn i Verdsarv-områda, altså til Geiranger og Aurland.

Same krav som i Verdsarvområda

– Dei var innafor gjeldande regelverk med å gå inn til Olden på tungolje, men har sjølve valt å ta grep og legge seg på ei strengare linje etter det som skjedde 16. mai, seier Oldeide.

– Kva vil dette seie i praksis?

– Det vil seie at skipa deira vil gå på marin diesel, som er eit reinare brennstoff, når dei skal inn til Olden. Dette er kriteriet som vert nytta når dei skal inn i Verdsarvområda, og reiarlaget vil no nytte dei same kriteria når skipa deira skal inn til Olden.