- Vi har ingen planet B

8-klassingar i Stryn er ute i streik for miljøet

- Miljøet er og ditt ansvar! Klar melding frå Emilie Skrede Edvinsen, Ronja Kristine Almenning Edelston, Synne Otterdal Bøe, Mailene Myklebust Rustøen, Emma Riise Gran (bak) Magdalena Maria Kacperska, Linnea Nesdal (bak) og Iselin Bø  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

8 - klassingar ved Stryn ungdomskule gjekk ut i streik etter 2. time fredag. Årsaka er at dei vil ha fokus på miljøet, - ikkje i morgon, men no. Dei tok til gatene med plakatar som stadfestar at "Vi har ingen planet B" og "Heller Vy enn fly".

- Vi streiker ikkje fordi vi vil, men fordi vi må. Framtida er i våre hender, seier dei engasjerte 14 - åringane.

- Dei miljøsparande tiltaka i verda går altfor seint. Politikarane og folk må ta grep no, elles er det ingen framtid for oss eller våre born, seier 8-klassingane som kom innom Fjordingen med bodskapet fredag.

Ungdomane er bekymra for at klimakatastofer og utrydding av dyreartar er menneskeskapt, og meiner det må gjerast langt meir for miljøet enn det som gjerast i dag.

Klar beskjed 8-klassingar ved Stryn ungdomsskule er bevisste på klimaet og krev handling føre ord  Foto: Roger Oldeide

- Det er eit felles ansvar å reversere skadane som er gjort. Folk, alle folk, må sortere søppelet sitt og ingen må kaste søppel i naturen. Plastbruken må ned. Alle bør reise kollektivt og offentleg transport må over på elektrisitet, seier Magdalena Maria Kacperska engasjert.

Les også: Klimastreiken 22. mars samla over 40.000 barn og ungdom

Ungdomane seier at dei sjølv tek seg fram med å gå eller å sykle, og viser til at mange foreldre har el-bil.

- Så sorterar vi alt søppel heime. Vi kjøper og ein del brukte klede. Poenget er å lage minst mogleg klimaavtrykk, seier dei.

- Teknologien har kome langt på mange område, men teknologiutviklinga bør konsentere seg om å redde miljøet. For det er ingen planet B, poengterar dei.

- Hjelper det å streike, tru?

- Kva skal vi eigentleg med utdanning viss vi ikkje har ei framtid? Slik vi ser det burde miljø vere eit eige fag i skulen. Det er mykje viktigare enn til dømes historie, seier dei.   

- Kva vil de seie til ordførar og politikarane i Stryn når det gjeld miljø?

- Dei må få ræva i gir å gjere noko for miljøet. Ikkje i morgon, men no! lyd oppfordringa frå 8-klassingane.