Trafikkskulane reagerer

– Feil veg å gå

Even Dispen i Nordfjord Trafikk likar dårleg framlegget om å ta vekk tilbodet om førarprøve for MC på Nordfjordeid.

Reagerer: Even Dispen i Nordfjord trafikk, meiner det er viktig å oppretthalde tilbodet om førarprøve for MC ved trafikkstasjonen på Nordfjordeid.  Foto: Roy Aron Myklebust

Dersom Nordfjordeid skal kunne tilby førarprøver for klasse B i framtida, så bør dei framleis kunne tilby oppkøyring på MC

Nyhende

Dispen er medeigar og drivar av køyreskulen som har avdeling i Førde og Florø i tillegg til Stryn og Nordfjordeid. Han trur ikkje framlegget til omorganisering i Statens vegvesen (SVV) vil få store konsekvensar for dei som verksemd, men ser utfordringar for kundane. Han nemner blant anna auken innan MC-førarkort, og då særleg lett motorsykkel. Dersom førarprøven forsvinn frå Nordfjordeid må elevane heilt til Ålesund eller Førde. Reiseavstand er ein ting, ventetid og fleksibilitet noko anna.