9. klasse sitt første steg ut i arbeidslivet

9. trinn ved Stryn ungdomsskule har denne veka vore på utplassering på ulike jobbstadar i Stryn kommune.

Rema 1000: Vilde Indrebø Heisig (14) og Maren Bø Håheim (15) har begge fått prøve seg både bak kassa og framfor. Dei håpar at dei får sommarjobb på Rema 1000.  Foto: Trym Torp Tvinnereim

Eg likar å jobbe variert og tenkte at kulturhuset var midt i blinken

Karl Bergem Bø
Nyhende

Fjordingen har teke turen og besøkt nokre av dei på arbeidsplassane deira.

Stryn bibliotek

Tina Reines har jobba på Stryn bibliotek denne veka. Tina er 14 år, og er ein ivrig boklesar. Ho har lese alle Harry Potter- bøkene, og elskar å lese Anime, som er ein type japansk teikneserie.

– Dette er den største grunnen for at eg valde å vere på biblioteket i arbeidsveka, seier ho.

Tina likar også å rydde, og likar å ha system rundt seg. Sjølv om kanskje biblioteket ikkje er den arbeidsplassen flest ungdommar ville ha valt, er Tina veldig fornøgd med valet sitt. Eigentleg hadde ho søkt påhotell, men fekk ikkje stillinga.

Stryn bibliotek: Tina Reines (14) har fått prøve seg som bibliotekar denne veka. Ho likar veldig godt å lese bøker.  Foto: Trym Torp Tvinnereim

Tina fortel at ho ikkje er lei seg for det, og at ho eigentleg er glad for at ho fekk jobben på biblioteket i staden.

Stryn torg

Stryn Torg er arbeidsplassen der vi finn flest av dei utplasserte 9. klassingane i år. Nokre er utplassert på dyrebutikken, Cubus og Matstova.

Fjordingen har prata med tre av dei som har vore utplassert på Stryn Torg, Karoline, Vilde og Maren.

Sport Outlet: Karoline Hetle Alsaker (14) prøver seg innan service i arbeidsveka si.  Foto: Trym Torp Tvinnereim

Karoline Hetle Alsaker jobbar på Sport Outlet, noko ho synest er svært kjekt.

– Eg valte å jobbe på Sport Outlet fordi eg har stor interesse innan klede, og eg ville prøve å jobbe i butikk. I dag har eg rydda, og sortert klede.

Vilde Indrebø Heisig, og Maren Bø Håheim har begge vore på Rema 1000 i arbeidsveka.

Dei valde å jobbe her fordi begge har vore pakkehjelp der tidlegare i år, og dei ville gjerne prøve litt andre ting enn berre å pakke varer.

– Vi håpar også at vi kan få sommarjobb på Rema 1000 etter arbeidsveka, seier dei.

Stryn kulturhus

To elevar frå Stryn ungdoms-skule har også valt å vere på Stryn kulturhuset i arbeidsveka si.


Karl Bergem Bø har fått prøve å jobbe i kulturhuset.

Kulturhuset: Karl Bergem Bø (14) har hatt arbeidsveka si i Kulturhuset.  Foto: Trym Torp Tvinnereim

Han har til dømes fått lære korleis han lagar forskjellige kaffitypar, og fått vore med å gjere klar scena til show.

Sjølv har han jobba litt med sal før, blant anna med å selje eigenprodusert rabarbrasaft, og har gleda seg til å få prøve å jobbe i kulturhuset.

– Eg likar også å jobbe variert og tenkte at kulturhuset var midt i blinken, seier Karl.

Kulturskulen

Ein annan gut som har jobba i kulturhuset er John-Rasmus Sætre Torheim. Han har fått prøve seg å jobbe i kulturskulen her i Stryn.

– Grunnen til at eg valde å jobbe på kulturskulen er at eg sjølv spelar gitar, og går på kulturskulen, fortel John-Ramus.

Kulturskulen: Den ivrige gitareleven John-Rasmus Sætre Torheim (15) har denne veka fått vere både elev og lærar i kulturskulen.  Foto: Trym Torp Tvinnereim

Han har også stor interesse innan foto, og har hatt bilda sine i Fjordingen opptil fleire gongar før.

Han synest det er spennande å sjå korleis det er å jobbe i kulturskulen, og ikkje berre vere elev der, fortel han.