Arbeidsveke i avisa

Trym Torp Tvinnereim (14) frå Stryn har denne veka vore journalist i Fjordingen.

Avispraksis: Trym Torp Tvinnereim har praksisveke som journalist i Fjordingen. 

Nyhende

Trym søkte om å få ha arbeidsveka si i Fjordingen då 9. klassingane ved Stryn Ungdomsskule skulle ut og prøve seg i arbeidslivet.

– Eg kan tenkje meg å jobbe i media, så det var difor eg søkte om å få ha arbeidsveke her, fortel han.

Trym likar både å skrive og fotografere, har fått arbeide som både journalist og fotograf denne veka.

– Har det vore som forventa?

– Ja, det har vore cirka som forventa. Eg har fått jobbe sjølvstendig og bestemme mykje sjølv, og det har vore kjekt, seier Trym.

Både i denne avisa og i dei neste vil du kunne sjå resultata av Trym si arbeidsveke.