Fortent siger til Stryn

Siger: Stryn held fram med å sanke poeng i 3. divisjon for damer. Søndag vart det 1-0 over Selje/Åheim.   Foto: Stig Høynes (arkiv)

  • 3. divisjon damer
  • Selje/Åheim-Stryn 0-1 (0-0)
  • 0-1 Joanna Øvre-Flo (86. min)
  • Stryn sitt lag: Mia Kristiansen, Astrid Solheim Bjørke, Anja Bertine Tomasgård, Andrine Lødemel Bøe, Maria Belinda Bergset, Hedda Vatn Øvreberg, Marie Rekdal Johannsdottir, Kaisa Vollsnes Wemby, Karoline Nordheim Otterdal, Emma Sæbø, Mariell Taraldset. Innbytarar: Emma Njøten, Olivia Vollsnes Wemby, Joanna Øvre-Flo, Karoline Flo
  • Dommar: Roger Skavøypoll, Skavøypoll IL
Nyhende

Stryn sitt damelag i 3. divisjon fotball vann fortent borte mot Selje/Åheim søndag.

Stryn drog det lengste strået då laget gjesta Selje idrettspark. Sjølv om heimelaget låg sist på tabellen forventa strynetrenar Johann Sigurdsson ein vanskeleg kamp, og Stryn måtte vente heilt til det 86. minutt før laget fekk hol på byllen.

– Vi scora om lag fem minutt før slutt, og vi hadde pressa bra på før det. God innsats av jentene, bra defensivt men rusk i maskineriet offensivt, seier Sigurdsson til Fjordingen.

Stryn har spelefri til 10. juni, men torsdag skal fleire av spelarane i aksjon for jenter 19-laget når Gneist kjem på besøk i 1. runde i cupen.