Skikrinstinget:

Stryningar fekk utmerkingar

Nyhende

I tillegg til at Sjur Ole Svarstad fekk tildelt heidersmerket med diplom fekk også fleire andre utøvarar frå Stryn kommune utmerkingar på skikrinstinget i helga.

Talentpremie

Simon Hjelmeset Kirkeeide frå Markane IL fekk talentpremie då han har «utmerka seg ved spesiell talentfull innsats» i langrenn.

Magnorprisen

Emilie Flo Stavik frå Markane IL (langrenn) og Ann Kristin Aaland frå Hardbagg IL (langrenn) fekk Magnorprisen «for spesiell talentfull innsats i 2018 og 2019 blant utøvarar 12-16 år».

Norges Skiforbund sin Jubileumspokal

Eskil Kveen frå Markane IL (hopp og kombinert) fekk Norges Skiforbund sin Jubileumspokal med grunngjevinga «Ungdom som viser eit stort frivillig engasjement, er inkluderande og ein ambassadør for skisporten».