"Supertorsdag" på Stryn stadion:

Kampar på løpande band

Cup: Stryn sitt jenter 19-lag møter Gneist i cupkamp på Stryn stadion torsdag.  Foto: Thomas Thaule

Kretsligaen: Stryn håpar på nettkjenningar og jubel mot Årdal. F.v. Vegard Vatn Øvreberg, Trym Vatn Øvreberg, Mathias Garlid, Håvard Kroken og Emil Allesøe.  Foto: Stig Høynes

Stryn United: Stryn United møtte Hødd United til kamp på Stryn stadion i fjor.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Det er duka for "supertorsdag" på Stryn stadion i dag, med kampar til langt ut på ettermiddagen.

Det heile startar med eit realt lokaloppgjer i jenter 12-klassen mellom Stryn og Veten/Hardbagg ved lunsjtider.

Deretter er det Stryn United som skal spele kamp på stadion.

Kretsligaoppgjeret litt seinare mellom Stryn og Årdal blir eit særs viktig oppgjer for begge lag. Stryn har allereie hamna bakpå i høve toppen, og laget må truleg greie seg utan Mads Wie, Tanel Melts og Vegard Sæten Hopland også i denne kampen. Årdal på si side har fått sving på sakene og ligg i skrivande stund på 2. plass på tabellen og kjem frå 7-1 siger mot Syril i siste kamp.

Til slutt er det duka for ein aldri så liten godbit når Stryn sitt jenter 19-lag møter Gneist frå Bergen i 1. runde i cupen.