Tungtrekkarar i farta hos Nomek:

Store ting på gang

Det er ikkje småtteri som tek form hos Nomek AS i Stryn om dagen. Her blir det bygd to tungtrekkarar, arbeidsjern, av det solide slaget. Teknisk har ein slik bil ei nyttelast på 115 tonn.

Solide saker: Frank-Roger Grønvold, sjåfør frå Hæhre maskinutleie, Jon-Rune Heimlid, dagleg leiar ved Nomek AS, Svein Lobben, sjåfør hos Hæhre maskinutleie og Bjørn Tore Sandnes, seljar/konstruktør hos Nomek framfor dei to Scania S730 tungtrekkarane som blir bygde hos Nomek. 

Nyhende

Nomek, grunnlagt i 1998 av fagpersonar med allsidig bakgrunn frå industri, utvikling og produksjon, er lokalisert i Stryn og er ei spesialisert verksemd innan platebearbeiding og mekanisk produksjon. Mellom anna er verksemda spesialistar på lastebil- og miljøpåbygg. Frå påbyggarverkstaden leverer Nomek påbygg for krokbilar og trekkvogner samt utviklar og leverer m.a. slamsugarar og avvatningsbilar til heile landet.

Tunnelprosjekt på Blakset og Flo

Denne våren har Nomek bygd to tungtrekkarar for Hæhre Maskinutleie AS.

– Det er to like bilar på chassis Scania s730. Dei vil mellom anna bli brukte til å frakte maskiner og utstyr til og frå tunnelprosjekta på Blakset og Flo, seier dagleg leiar Jon-Rune Heimlid i Nomek.

– Kva gjer de med bilane?

– Vi set på ein påhengsaksling og monterer mellom anna svingskive og verktøyrigg med hydraulikkanlegg.

115 tonn

Det blir store ting.

– Teknisk kan ein slik bil laste ei nyttelast på 115 tonn. Men norske vegar tillet ikkje det. Her stoppar det på ei totalvekt på 100 tonn, seier Frank-Roger Grønvold og Svein Lobben, sjåførar ved Hæhre Maskinutleie, som kjem til å sitje bak rattet i kvar sin av kolossane.

Arbeidsjern: To Scania chassis type s730 B8x4/4 blir bygde opp hos Nomek og skal bli tungtrekkarar, arbeidsjern som truleg m.a. skal frakte utstyr og maskiner til tunnelprosjekta på Blakset og Flo-Veslebygda. 

Bygd ein bil her før

– Kvifor Nomek?

– Vi har bygd ein bil her før, ei trekkvogn. Og vi følte vel at det var her vi fekk det slik vi ønskte det, seier Frank-Roger Grønvold og Svein Lobben.

– Og ikkje minst byggetida, legg dei til. – Byggjetida betyr aller mest.

Prisar: Bilar bygd opp av Nomek vert lagt merke til, og fleire har vunne prisar. Volvoen til Geir Elling Nyland tok «the double» på Motorfestivalen i 2014 og vann både jury- og publikumsprisen. 

Ekstrem bil

Den førre bilen var den til då tøffaste trekkvogna som var bygd hos Nomek, fortel Bjørn Tore Sandnes, seljar og konstruktør hos Nomek.

– Den bilen sette rekord på Facebook med 75.000 likes eller noko slikt! seier han.

– Blir desse endå tøffare?

– Dette blir ein meir ekstrem bil, seier Frank-Roger Grønvold og Svein Lobben.

– Han har to akslingar meir og skal operere med mykje større last og høgare vekter. Dette blir ein skikkeleg tungtrekkar. Eit arbeidsjern!