Knepent tap for Stryn i cupen

1. runde i cupen: Karoline Flo og Stryn var fullt på høgde med Gneist.   Foto: Stig Høynes

Nyhende

Det var bortelaget Gneist som drog det lengste strået då Stryn sitt jenter 19-lag møtte bergensarane til førsterundekamp i cupen på stadion torsdag.

Stryn, som stilte med spelarar som nesten er identisk med damelaget, tapte til slutt 1–3 i den jamne cupkampen.

Men det var heimelaget som kom best i gang, og Emma Sæbø sette inn 1–0 frå straffemerket etter sju minutt. Gneist sette inn to mål før Sæbø igjen fekk sjansen frå ellevemetersmerket, men denne gong gjekk ballen i tverrliggaren og ned på streken.

På overtid punkterte Gneist kampen med si 1–3 scoring.

– Sjølv om det vart 1–3 tap så var de fullt på høgde?

– Ja, eg synest det. Det var ein god kamp av jentene, der det lett kunne bikka begge vegar. Solid defensivt, men framleis litt å gå på offensivt, seier trenar Johan Sigurdsson.

Stryn sitt lag: Mia Kristiansen, Olivia Vollsnes Wemby, Hege-Renate Glosvik Espeland, Andrine Lødemel Bøe, Maria Belinda Bergset, Emma Njøten, Hedda Vatn Øvreberg, Kaisa Vollsnes Wemby, Emma Sæbø, Marie Rekdal Johannsdottir, Saeideh Tajik. Innbytarar: Tuva Fredheim, Malene Hopland, Sofie Njøten, Malin Eikenes Tjellaug, Mariell Taraldset, Hermine Kjøsnes, Karoline Flo.