- Sesongopninga er sjølvsagt ikkje som forventa

Tunge tider: Stryn tapte 2-4 mot Årdal torsdag. I ettermiddag er Syril motstandar på bortebane.  Foto: Stig Høynes

Nyhende

Med eitt poeng på dei fire siste kampane har Stryn kome skeivt ut i sesongstarten.

Klare tap mot topplaga Førde (0-5), Eid (1-5) og no sist Årdal (2-4) gjer at raudtrøyene har ein stor jobb å gjere dersom målsetjinga om opprykk i det heile teke skal vere reell utover i sesongen. Spesielt defensivt må det strammast opp, og Stryn er av laga i Kretsligaen som slepp inn flest mål.

Stryn viste likevel tendensar i første omgang mot Årdal, og laget kunne ha leia til pause utan at nokon kunne sagt noko på det.

Søndag står tabelljumbo Syril for tur på bortebane, ein kamp Stryn må vinne for ikkje å bli heilt hekta av i tetstriden.

- Sesongopninga er sjølvsagt ikkje som forventa. Men vi har stor tru på at vi skal snu dette. Eg føler at førsteomgangen mot Årdal er noko av det betre vi har gjort i år. Vi får ta med oss det vidare inn mot Syril-kampen, seier trenar Geir Inge Rake.

- Mads Wie og Vegard Sæten Hopland er enno ikkje klare for spel att, men Tanel Melts er klar, i tillegg får vi kanskje Stian Olsbø tilbake frå sjukdom, seier Rake.