Konsesjonssaka i Hornindal:

– Aldri høyrt ein kommune setje slikt vilkår tidlegare

Advokat Ivar Winjum, med spesialfelt innan landbruksrett og 35 års erfaring frå konsesjonssaker i Hordaland, har aldri før høyrt om ein kommune setje liknande vilkår i ei konsesjonssak, og er sterkt tvilande til om dei kan det.

Omstridd konsesjonssak: Matias Lunde har kjøpt garden til Undis Vellene. Kommunen har sett som vilkår for konsesjonen at ei utleigeavtale mellom Vellene og Eline Fannemel blir vidareført. Lunde har klaga dette inn til Fylkesmannen.   Foto: Roy Aron Myklebust

Nyhende

– Ein kommune skal handsame konsesjonssøknaden i samsvar med føremålet. Eg tykkjer det er rart at dei har sett slikt vilkår, seier Winjum. Han understrekar at han uttalar seg generelt, sidan han ikkje kjenner detaljane i saka. Han set derimot spørsmålsteikn ved vedtaket av fleire grunnar.