Motorfestivalhelga i Stryn:

13 mista lappen, 124 fekk forenkla førelegg

- 124 forenkla førelegg og 13 beslag er for mykje, og det meste eg har vore med på dei tre åra eg har vore i Stryn i samband med motorfestivalen, seier Jarle Paul Opsal. 

Nyhende

- Dette er tredje året eg har vore med på kontrollar under motorfestivalhelga, og på desse åra har vi aldri teke så mange for brot på trafikkreglane som i år, seier Jarle Paul Opsal i UP Møre og Romsdal.

UP fortel om 13 førarkortbeslag på grunn av fart, fleire av dei i samanheng med forbikøyring. Høgste målte fart stod ein 18-åring for med 137 km/t.

- Nest høgaste fart var 131 km/t. Begge desse førarane må møte i retten for å få sakene avgjort, fortel Opsal. Som legg til at mange av dei 124 forenkla førelegga og handla om fart.

- Og mange med høg fart. Fleire av desse fekk også høgste førelegget på 10.200 kroner. Dei med førarkort på prøve fekk også dobbelt sett med prikkar, og har dermed lite å gå på før beslag. Mange førelegg vart og skrive ut på grunn av åtferd. Blant anna avstand. Dei som fekk reaksjonar frå politiet er i hovudsak ungdom frå nærområdet rundt Stryn, Søre Sunnmøre, Ytre Nordfjord og også folk som hadde kome lenger frå.

- Eg er skuffa over fartsnivået, særleg når vi veit at det var tett trafikk som i seg sjølv heldt farta nede, seier Opsal.

UP starta kontrollane fredag ettermiddag, for å kontrollere trafikken frå Sunnmøre inn mot Stryn. Deretter flytta politiet kontrollane nærare Stryn.

- Vi stilte med to uniformerte bilar og ein sivil heile helga, og vi køyrde ein god del synlege kontrollar. Søndag gjennomførte vi massiv promillekontroll der vi stoppa all trafikk ut av Stryn sentrum og sørover i to og ein halv time. Av 561 kontrollerte vart ein førar sikta for promillekøyring. Det er lågare andel enn snittet ved promillekontrollar, noko vi fornøgde med. Helga vart avslutta med fartskontroll ut av Stryn søndag, fortel Opsal. Som legg til at samarbeidet både med lokalt politi og vegvesenet sine kontrollørar var godt gjennom heile helga.

- Inntrykket totalt sett er overraskande mange med høg fart.

- Målgruppa var ungdom. Vi er overraska over at vi enda opp med så mange reaksjonar, når ungdomen visste at vi var der med kontrollar. Målet vårt med denne type kontrollar er alltid å førebyggje, med mål å unngå ulukker, seier Opsal.