Kviven duo spelar i Skogstjerna

Tysdag 4. juni får alle som likar felespel ei triveleg stund i Skogstjerna i Markane når Kviven duo kjem på besøk.

Konsert med feleduo: Britt Pernille Frøhom frå Hornindal og Jorun Marie Kvernberg som bur i Volda har slege seg saman til Kviven duo. Dei spelar i Skogstjerna i Markane tysdag kveld.  Foto: Presse

Nyhende

Då kjem to av landets fremste felespelarar og held konsert.

Britt Pernille Frøhom frå Hornindal og Jorun Marie Kvernberg som bur i Volda, har slege seg saman til Kviven duo. Slåttevandring mellom Sunnmøre og Nordfjord har lang tradisjon, og med det nye ferdaholet gjennom Kviven opna det seg for ei ny bløming for slik utveksling.

Dei to allsidige musikarane har lang fartstid både solo og frå ymse grupper. Dei har finpussa eit knippe kvalitetsslåttar frå begge sider av Kviven, og med meisterleg tostemt spel står slåttane fram i festdrakt. Sidan mesteparten av slåttemusikken vår er skapt for dans, er det berre naturleg at salen vert rydda for ei danseøkt etter konserten.

Arrangørlaget Fjelljom står for musikken. Ei lita busslast med danseglade folk frå Skjåk tek turen til Skogstjerna denne kvelden, så her vert det oppfrisking av godt og gammalt samkvem i fleire retningar, fortel Arne M. Sølvberg i ei pressemelding frå Fjelljom.