Sommarles er i gang

Årets lesekampanje Sommarles ved biblioteket er i gang etter at startskotet gjekk i helga.

Premiar: Her viser biblioteksjef Kristine Hatledal nokre av dei fine premiane du kan vinne av å delta i sommarles.  Foto: Trym Torp Tvinnereim

Nyhende

Sommarles har blitt ein tradisjon på Stryn bibliotek. No har Sommarles også blitt digitalt, fortel Kristin Hatledal, som er biblioteksjef ved Stryn bibliotek.

Sommarles er eit arrangement som finn stad i heile Norge, og varer frå 1. juni til 31. august.

Alle frå 1.–7. klasse kan få delta på arrangementet. I fjor deltok det 105.289 barn frå heile landet.

I Stryn var det 398 barn som til saman leste 450.000 sider.

Håpar på ny suksess

Sommarles skal gi eit tilbod til alle barn i Norge om å delta på ein lesekonkurranse i sommarferien sin.

No håpar Stryn bibliotek å få same suksess som dei fekk i fjor. Ved å registrere deg på sommerles.no kan du skaffe deg premiar ved å lese, eller høyre på bøker.

Kom i høgare level – vinn premiar

For kvar bok du les får du poeng som gjer at du kjem opp i høgare level eller nivå.

Viss du kjem opp i level 10, 20 eller 30 kan du komme innom biblioteket og hente din eigen premie.

I fjor var det ein person som kom opp i level 40, noko som gjorde at biblioteket måtte lage ein ekstra premie til personen.

Det er også ei eigen sommarles forteljing på nettsida. Der kan du lese eit nytt kapittel kvar veke frå ein spennande historie skreve av Mari Moen Hol.

Du får også poeng av å lese denne forteljinga.

Gløymer å lese i sommarferien

– Mange barn har ein tendens til å rykke eit steg bak i lesing under sommarferien, seier biblioteksjefen.

Dette håpar Sommarles at dei kan forhindre med å få barn til å lese bøker i sommarferien sin.

Det skal også vere ein Sommarles-fest på biblioteket etter arrangementet er ferdig.

Der kan du også vinne forskjellige premiar.