Opnar tradisjonsrik sommarkafé

Ungdomane i Fjellrosa 4H har skapt sin eigen sommarjobb når dei opnar den tradisjonelle sommarkaféen sin 30. juni.

Klare kafévertar: Bak frå venstre: Eirik Tvinnereim, Malene Hopland, Jon Nesdal. I midten: Linnea Nesdal, Eline Nesdal. Framme: Georg Hopland og Truls- David Takle Tytingvåg. Privat  Foto: Privat

Nyhende

Rand grendahus blir som vanleg fylt opp med lokale handverksprodukt.

– Vi har fått inn nokre nye produkt, og nokre som har vore der fleire år tidlegare, fortel ungdomane i styret, som ønskjer velkomen til sommarkafe. I alt tretten ungdomar i alderen ti til atten år lagar sin eigen sommarjobb og samlingsplass for bygdefolk og turistar i heile juli.

– Vi sel mellom anna måleri, bøker, klede, treprodukt og saft og sylte, fortel Malene Hopland i styret. I tillegg sel dei til dømes heimelaga pizza, puddingsvele, kaker og kaffi i kafeen.

Den tradisjonsrike sommarkafeen starta i det gamle pakkhuset nede ved fjorden på Hopland for mange år sidan. Etter at den vart flytta opp i grendahuset merkar dei auka trafikk av turistar.

– Det er mange som kombinerer eit besøk her med ein tur under Tvinnefossen, eller tar ein kaffipause her når dei køyrer Panoramavegen, sidan vi ligg midt mellom Stryn og Eid, seier ungdomane i ei pressemelding. Dei gler seg til å ta i mot både bygdefolk og langvegsfarande.