Fleirtal på Stortinget for post annankvar dag

Tysdag kveld stemte regjeringspartia for å endre postlova. Frå 1. juli neste år blir det dermed postlevering annankvar vekedag.

Tysdag kveld sørgde regjeringspartia for fleirtal for å endre postlova. Frå 1. juli neste år vil det dermed bli postlevering annankvar vekedag. På bildet prøvekøyrer statsminister Erna Solberg (H) ein postbil.   Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix / NPK

Nyhende

Under voteringa i Stortinget var det regjeringspartia Høgre, Frp, Venstre og KrF som stemte for, og sørgde for fleirtal for lovendringa.

Frå 1. juli 2020 skal det dermed berre delast ut brev, aviser og annan post 2,5 gonger i veka. Regjeringa har tidlegare anslått at å kutte i dagar med postombering vil spare staten for rundt 250 millionar kroner i året.

Det står òg i vedtaket om lovendringa  at styresmaktene kan fatte vedtak om kompenserande tiltak, som mellom anna kan gjelde levering av aviser.

I Stortinget tysdag vart det òg stemt over tre andre forslag som omhandlar Posten, skriv Nationen. Forslaget frå Arbeidarpartiet om å vente med postlovendringar til alle husstandar har fått tilstrekkeleg breibanddekning, vart nedstemt. Det same vart SV og Senterpartiets forslag om å vidareføre fem omberingsdagar.

I tillegg stemte regjeringspartia ned forslaget frå Ap, Senterpartiet og SV om at Posten og anbodsvinnarar i kompensasjonsordninga som blir foreslått, skal samordnast.

Regjeringa meiner det er nødvendig med færre postomberingsdagar sidan det har blitt mindre brevposten. Kritikarar av lova meiner at endringa mellom anna vil gå utover lokalaviser og meiningsberande aviser.

Tysdag var den første voteringa over forslaget i Stortinget. Saka skal òg gjennom ei behandling til.

(©NPK)