Klart for Postvegløpet

Kamp om plassane: Konkurranseklassa i Postvegløpet frå to år tilbake.   Foto: Anne-Mari Aalberg

Nyhende

Onsdag er det klart for ei ny utgåve av det tradisjonsrike Postvegløpet.

– Traseen er den same som i fjor, men vil bli endå betre merka, skriv arrangøren i ei pressemelding. Som vanleg blir det både konkurranseklasse og trimklasse.

Løpet har start og innkomst ved ungdomshuset Skogstjerna i Markane og går over 6 kilometer på grusveg, skogsveg og noko sti.

Løpet inngår også i Nordfjordkarusellen.