Krev skilting på plass no

Vegen til skisenteret frå Geilekrysset i Hornindal. Her er det vedteke fartsgrense 50 km/t, men skilta er enno ikkje kome opp.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Nils-Paul Haugen krev på vegne av Lødemel og Gausemel beitelag at skilt med 50 km/t kjem på plass straks på vegen mellom Geilekrysset og Hornindal skisenter. Kommunestyret gjorde vedtak om å redusere fartsgrensa frå 80 til 50 km/t i fjor, men førebels er det ikkje kome opp skilt.

- Dette skulle vere klart til beiteslepp, men der er enno ikkje kome på plass skilting. Underteikna og andre medlemer i beitelaget var i helga vitne til mange uheldige episodar kring dyr som nettopp var sendt på beite. Fart var direkte årsak til splitting av flokkar og unødig uro for små lam, skriv Haugen i brev til Hornindal kommune.