Løvland-feltet:

Krev tung ekstraløyving

Formannskapet gjekk inn for ekstraløyvinga til opparbeiding av det kommunale bustadfeltet på drygt 17 millionar kroner, men ikkje utan diskusjon.

Løvlandfeltet: Stig Olav Lødemel på Løvlandfeltet som får plass til 44 kommunale tomter. Opparbeiding av feltet har fått ein prislapp på totalt 25.400.000 kroner eks. mva.  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

Etter anbodsrunden har kommunen fått fire tilbod på opparbeiding av Løvlandfeltet og Aurstad Tunnel AS er tildelt oppdraget med atterhald om kommunestyret si godkjenning komande torsdag. Sistnemnde sitt tilbod er på kr 20.602.963,50 eks mva.