Løyver 152.000 kr til sikringstiltak ved cruisekaia

Stryn formannskap tilrår at det vert løyvd 152.000 kr til rekkverk langs fv 60 ved Olden Crusekai.

Farleg område: Martinus Vik køyrde sommaren 2017 på to turistar ved cruisekaia i Olden. Den eine kom under bilen, den andre vart liggjande rett framfor hjulet. Til alt hell gjekk det bra med begge personane. Vik har lenge meint at det må gjerast tiltak ved kaianlegget for å gjere det tryggare for både turistar og køyrande. No kjem det truleg autovern langs grøntrabatten ved cruisekaia.  Foto: Roy Aron Myklebust

Nyhende

Stryn kommune og Nordfjord Hamn søkte i fjor sommar Statens vegvesen om løyve til å setje opp flettverksgjerde i grøntrabatt langs fv 60 ved Olden Cruisekai. Dette for å auke tryggleiken i samband med cruisetrafikk.