Trampeklapp for Kviven Duo

Med eit fyrverkeri av ein slått, Jeremias Henden sin Sulitjelmagalopp så bogehåra fauk, sette Kviven duo punktum for ein strålande konsert for fullsett sal tysdag.

Strålande samspel: Kviven duo med Britt Pernille Frøholm og Jorunn Marie Rypdal Kvernberg hausta trampeklapp frå fullsett sal med sitt energiske og dynamiske samspel.  Foto: Gunnhild Sindre

Nyhende

Folkemusikken har vandra på ferdavegen over Kviven i lange tider, men Kvivstunnelen letta kommunikasjonen for dei to svært dyktige felespelarane Britt Pernille Frøholm og Jorun Marie R. Kvernberg, og Kviven duo oppstod.