«Strandfeber» i Olden

I følgje eit nytt skilt ligg Norges kaldaste og minste strand i Olden sentrum.
Nyhende

Olden Cruise Park har fått ei fin lita badebukt i enden av det fine anlegget.

Også badeplassen i Avleivika har fått eit skikkeleg løft.

Andrè Opheim er ein kreativ kar. Ved sida av eigedomen hans i Olden sentrum ligg der ei opa lita bukt på 2,5 meter. Her har det kome opp eit skilt om at dette er Norges kaldaste og minste strand.

– Grunnen er rett nok kommunal, men skiltet har eg kosta sjølv. Påstanden om den kaldaste badestranda er korrekt, då elva med brevatn renn ut i fjorden ved sida av, hevdar den humoristiske kjøpmannen i Olden.