15 millionar kroner til prosjekt for nytt fruktpakkeri

Fylkeskommunen har løyvt 15 millionar kroner til prosjekt for nytt fruktpakkeri i Lærdal. Kor vidt dette betyr mindre aktivitet ved Innvik Fruktlager er for tidleg å seie. – Det treng ikkje bety mindre aktivitet. Dette kan gå begge vegar, seier Eyvind Reme frå styringsgruppa.

Innvik Fruktlager: Fruktlageret i Innvik er ein samvirkeorganisasjon eigd av medlemmane (produsentane) og mottek og omset frukt, bær og grønt frå produsentar i Stryn, Gloppen, Eid og Valldal. (Arkivfoto)  Foto: Gunnhild Sindre

Nyhende

Den store satsinga på planting av frukttre i fylket er ei av årsakene har gjort at det er behov for nytt pakkeri. Det er ikkje nok kapasitet ved dagens mottak ved Innvik Fruktlager SA, Sognefrukt SA og Lærdal Grønt SA til å få det framtidige volumet raskt nok unna utan å gjere større investeringar.