Eit småbruk til besvær

Det starta med eit gardskjøp for eit drygt år sidan. Etter det har det vore mykje støy rundt ein liten gard på Lødemel.

Nabo: Matias Lunde er nabo til garden han kjøpte av Undis Nortun Vellene. Det er eit par lange steinkast frå tunet hans og ned til den. 

Nyhende

Onsdag sist veke avviste Utviklingsutvalet i Hornindal Matias Lunde sin klage på konsesjonsvedtaket gjort i same utval 6. februar i år, der det er sett som vilkår at han vidarefører ei tiårig jordleigeavtale inngått mellom førre eigar, Undis Vellene, og Eline Fannemel. Lunde ønskjer å nytte arealet sjølv, og gjennom advokat har han nekta for at der føreligg ein gyldig avtale som han burde kjenne til. Han syner også til kjøpekontrakta der det i eit eige punkt står at eigedomen vert seld utan nokon leigeavtalar.