Eldsjela Selma i Oldedalen

– Det er knapt noko eg har hatt så mykje glede av som det å få lov til å gje, seier Selma Kvame. I 82 år har ho dreve foreiningsarbeid for Sjømannskyrkja.

Lyste på himmelkvelven: – Eg brukar å seier det slik at det var ei blank stjerne som lyste på himelkvelven her i Oldedalen då vår foreining var skipa, fortel Selma Kvame, som uan avbrot har vore aktivt med i ei foreiningsarbeidet for Sjømannskyrkja i 82 år.  Foto: Andreas Eikeseth Nygjerd

Ingen blir fattige av å gje

Selma Kvame
Nyhende

Langt inne i Oldedalen møter vi henne: Ei vital og høgst oppegåande kvinne. Liten av vekst, men ho ruvar stort når vi høyrer henne engasjert fortelja om arbeidet for Sjømannskyrkja lokalt.