Hornindal kommune:

Full støtte om meir støtte

Hornindal kommune oppjusterer støtta til TV-aksjonen med over 400 prosent

Full støtte: Randi Langlo (Ap) foreslo å auke kommunen si støtte til TV-aksjonen og fekk ho full støtte for. Langlo vart og valt til kommunen sin komiteleiar for TV-aksjonen i år.  Foto: Roger Oldeide

Nyhende

TV-aksjonen 2019 går til Care sitt arbeid for å skape eit betre liv for kvinner i nokre av verdas mest sårbare område. TV-aksjonen 20. oktober har som mål å hjelpe 400.000 kvinner til å skape sin eigen arbeidsplass, bestemme over sin eigen kropp og delta i samfunnet. Dette vil gje ringverknadar for meir enn 1,5 mill. menneske, heiter det.
Aksjonsmidlane går til CARE sitt arbeid i Mali, Niger, Kongo, Burundi, Rwanda, Palestina, Jordan, Afghanistan og Myanmar.

Formannskapet i Hornindal handsama bidraget der tilrådinga var å støtte med kr 1.200 som mange år tidlegare.

Randi Langlo (Ap) sa at andre kommunar gir meir og foreslo å oppjustere støtta til 5.000 kroner.

Eldar Engelund (Sp) meinte 2.400 kroner burde vere nok, men valte å trekkje forslaget.

Følgande vart samrøystes vedteke:

1. Leiar og medlem for komiteen for TV-aksjonen 2019 vert:
Leiar: Randi Langlo.
Medlem: Jorunn Anne Remme Tomasgard og Pål Heggen

2. Hornindal kommune løyver kr 5.000 til årets TV-aksjon. Løyvinga vert dekt av formannskapet sin disposisjonskonto.