Sogn og Fjordane støttar nytt fylkesvåpen for Vestland

Fylkesvåpenet for nye Vestland fylke er samrøystes vedtatt av fylkestinget i Sogn og Fjordane.

Fylkesvåpen Alternativet til høgre er samrøystes vedtatt i fylkestinget 

Nyhende

Symbolet viser eit fjordlandskap i blått og sølv.

– Dette er eit symbolsterkt fylkesvåpen med motiv frå fjord og fjell, eg tykkjer det er flott, seier fylkesordførar Jenny Følling.

Framlegget til fylkesvåpenet skal også handsamast i fylkestinget i Hordaland 12.–13. juni før avgjerda blir endeleg.