Landbruket betre rusta mot krise

Takka vere målretta innsats i samband med tørkesommaren i fjor, meiner sentrale aktørar i landbruket at næringa i år er betre førebudd dersom det skulle oppstå ei ny krise.

Tørken i fjor sommar førte til at mange bønder fekk problem med avlingane og for lite for til dyra sine. Foto: Tor Erik Schrøder / NTB scanpix / NPK  Foto: Schrøder, Tor Erik

Nyhende

– Eg opplever at vi er betre rusta og har fått testa beredskapen, også når det gjeld rådgjeving og informasjon til bonden. Det var noko av det viktigaste vi gjorde, at vi faktisk fekk etablert samarbeid og pøsa på med fagmøte, gardsbesøk og informasjon. Då er det mykje som kan løysast, seier Trond Fidje, direktør for landbruk i Felleskjøpet Agri til Nationen.

Han trekkjer spesielt fram verdien av at det er laga ein fôringsstrategi tilpassa kvar enkelt gardsbruk. Tørkesommaren og mangelen på fôr i fjor førte mellom anna til at det blei oppretta eit samarbeid mellom bønder som driv med husdyr og kornbønder.

Det har også vore arbeidd målretta for å sikre nok og forsvarleg import av kraftfôr dersom krisa skulle oppstå på nytt.

(©NPK)