Tekne ut til talentleir

Talentleir: Ingeborg Sofie Sæten (Hornindal, t.v.), Malin Eikenes Tjellaug og Hermine Kjøsnes (begge Stryn) er tekne ut til Equinor talentleir i Porsgrunn i månadsskiftet juni/juli.  Foto: Stig Høynes

Nyhende

Tre unge fotballjenter frå indre Nordfjord, to frå Stryn og ei frå Hornindal, er tekne ut til Equinor Talentleir i Porsgrunn.

Jenter 14-spelarane Hermine Kjøsnes og Malin Eikenes Tjellaug representerer Stryn, medan Ingeborg Sofie Sætren representerer Hornindal.

Talentleiren i Porsgrunn går av stabelen frå 29. juni til 3. juli.

Andre jenter frå fylket som er tekne ut er Maia Lindesteg Øen frå Førde og Malin Ness frå Kaupanger.