Ny bortekamp for Stryn:

Framleis utan Wie og Hopland

Bortekamp: Vegard Vatn Øvreberg og Stryn spelar vanskeleg bortekamp mot Dale laurdag. Mads Wie og Vegard Sæten Hopland er framleis ute med skade.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Stryn møter Dale på Dingemoen laurdag i Kretsligaen.

Stryn kjem frå 1–0 siger borte mot Syril, og reiste seg etter 2–4 heime mot Årdal nokre dagar i førevegen.

No ventar Dale som står med berre to sigrar så langt. I førre kamp vart det 1–4 tap for Årdal på bortebane for sunnfjordingane.

– Er Ruben Garlid klar for Stryn til denne kampen (etter overgang frå Tertnes, journ. anm.)?

– Ruben blir ikkje med i helga, han kjem til Stryn på tysdag og deltek då på trening, seier trenar Geir Inge Rake.

Stryn må framleis klare seg utan Mads Wie og Vegard Sæten Hopland som er skada.