No kan du laste ned eigen app:

Har laga kart over fiskeplassar for rørslehemma

Kartlegging: Norges Jeger- og Fiskerforbund har for første gong laga ei digital oversikt over HC-tilrettelagte fiskeplassar. Leif Arild Fjellheim er sjølv rullestolbrukar og har jobba med kartlegginga.   Foto: NJFF

Nyhende

Norges Jeger- og Fiskerforbund har for første gong laga ei digital oversikt over HC-tilrettelagte fiskeplassar, og i tillegg òg utsettingsplassar for småbåtar. Desse finn du i NJFF-appen og i ei nettbasert kartløysing.

- Fiske er for alle, og då meiner vi alle. Folk flest kjenner ikkje til dette tilbodet, og det er det vi prøver å gjera noko med no, seier Steinar Paulsen, sportsfiskekonsulent i NJFF.

Tilrettelagde fiskeplassar har vore anlagt mange stader, men ingen har likevel hatt fullstendig oversikt. NJFF-appen viser deg no den næraste tilrettelagde fiskeplassen din i ei eiga kartløysing.

Du kan laste ned NJFF-appen i App Store og Google Play.

Fjernar barrierer

-Eg er rullestolbrukar etter ein ryggmargsskade for nokre år sidan, fortel Leif Arild Fjellheim. Han er studieleiar i Karmøy JFNF og har vore med på prosjektet for HC-tilrettelagte fiskeplassar og utsetningsramper for båt.

- Med denne tenesta vil vi vonleg fjerne nokre barrierer slik at fleire funksjonshemma skal få koma seg ut i naturen. Eg ønsker alle lykke til med bruk av karttenesta og vil samtidig nytta høvet til å takka NJFF som har sett i gang dette arbeidd heilt på eige initiativ, seier Fjeldheim.

I NJFF-appen finnar du òg ein landsdekkende oversikt over båtramper som kan nyttast av alle.


Kartløysing med oversikt over alle båtramper og tilrettelagte fiskeplasser finn du her.