Klare for storinnrykk på Festspela

Arrangørstaben klare for festspel i Hovdebygda: Frå venstre Olav Øyehaug Opsvik, Milan Ilic, Siri Beate Gjerde, Oddny Nupen Aarflot, Ida Karin Aarflot Kornberg, Sunniva Lund Osdal, Laila Walseth Lid, Anders Aanes, Anders Børtnes Kalvatn, Sigbjørn Mork og Gaute Øvereng.   Foto: Presse

Nyhende

Det er knapt ei veke igjen til Dei nynorske festspela i Hovdebygda opnar, og programansvarleg Olav Øyehaug Opsvik gleder seg over godt billettsal.

– Alle fire festspeldagane blir avrunda med konsert i uteamfiet i Aasen-tunet, og det er stor breidde i artistar og sjangrar i år, seier Opsvik.

BokkeReidars Blues Band med Side Brok opnar den musikalske delen av Festspela torsdag, Mari Boine fyller uteamfiet fredag, medan det er Sigvart Dagsland med sitt band på heile åtte musikarar som sikrar kvelden laurdag.

Søndag blir avrunda med det tradisjonelle Aasen-stemnet, der tekstane til Kjartan Fløgstad er sentrale. Dei har blitt tonesette og sett saman til framsyninga Sandharpesongar. Publikum får høyre nokre av dei fremste folkemusikarane Noreg har å by på, som Berit Opheim og Jorun Marie Kvernberg

Bokkafé for dei yngste

Dei yngste har fleire arrangement å gå på i år.

 –Vi hadde lyst at barna skulle få sin eigen bokkafé, og laurdag på Fru Svendsen i Ørsta les Vegard Markhus frå Det runde problemet. Bøkene til Markhus er morosame, og han er ein drivande god formidlar for barn, fortel Opsvik.  

Fredag er det eiga Lurivar-framsyning i uteamfiet i Aasen-tunet, der barna må hjelpe tunkatten Lurivar å finne det rette ordet. I rolla som Lurivar møter vi Marit Lid Skorstad, og på scena har ho med seg musikarane John Inge Leira Bjøringsøy og Torgeir Hovden Standal.

Søndag er det vandring gjennom skogen frå Aasen-tunet til Høgetua, der Anna R. Folkestad har lesestund med boka Ulla. Langs vegen opp til Høgetua må barna leite etter vers som blir sungne eller lesne av Volda Vokal. Og kanskje endar det med at alle får syngje i lag!