Paraglider-ulukke i Loen - møtte skodde og mista sikten

Frå utsprangsområdet ved Loen Skylift på Hoven i Loen.   Foto: Bengt Flaten (arkivfoto)

Nyhende

Politiet Vest melde seint i kveld at ein paraglider hadde krasja i området ved Loen Skylift.

Naudetatar, redningshelikopter og alpin redningsgruppe vart utkalt til staden.

- Dei som var på staden då ulukka skjedde fortel om brå verforandring med skodde som kom veldig fort. Paraglideren tok av heilt greitt, men så kom skodda og han mista sikten. Han fekk oppdrift og flaug oppover, slik at han landa høgare oppe enn der han tok av, seier innsatsleiar Vidar Stavik frå politiet i Stryn.

Rett over midnatt kunne politiet melde at redningsmannskap var framme hos den tilskadekomne.

- Vedkomande var bevisst. Han har truleg brotskader i beinet, opplyser Stavik.

Den skadde vart klargjort for helikoptertransport.