Første jordbæra frå Innvik

Straks ferdig: Finn Drageset reknar med full plukking av jordbær frå drivhuset i komande veke.  Foto: Inge Fænn

Nyhende

Rett over pinshelga  kjem første jordbæra frå drivhus i Innvik. Litt seinare enn venta, men lovande avling.

– Vi greidde ikkje lovnaden om 17. mai. Det skuldast både temperatur og litt innkøyringsproblem, men no ser det bra ut. Vi reknar med å kunne hauste om lag seks tonn, seier Finn Drageset og ser bort over rekkene der store klasar med bær byrjar å få rette raudfargen.

Det har blitt litt mykje blad, men neste år skal han han inn med ein ny sort. Den er ny i Norge, og under utprøving i Vik i Sogn i år. Det er ein sort som vil gje to avlingar med få vekers mellomrom.

Det er andre sesongen Finn Drageset og Karin Kleppe satsar på jordbær i drivhusa på Langvin. Midt inn drivhuset surrar biene frå to kassar. Han har kjøpt 300 bier til å føreta polineringa. Akkurat no går han på birøktarkurs, og meir bier er med i framtidsplanane. Han tenkjer også å satse meir på jordbær i framtida i tillegg til satsing på eple, plomme og bringebær. Det er få produsentar igjen, men folk vil gjerne ha norske jordbær når sommaren kjem.