Sport und Spaß byr på både originalen og parodien:

Høyr Tore Andre Flo og Kristian Valen i sesongavslutninga

Nyhende

Godbitane står i kø i sesongavslutninga i Sport und Spaß!

Johan Eirik Meland stiller frisk og rask etter eit år i utlendigheit og fortel om college-livet i New Mexico. Der studerte han i Albuquerque, midt i smørauget til "Breaking bad"- serien. Og jammen har han ei gangster-historie på lur også.

Tore Andre Flo er med på telefon frå England og fortel om livet i Chelsea og gir gode tips på vegen til dei som vil opp og fram i fotballverda.

Kjell Petter Opheim var eit stort keepertalent, på fleire vis, og han fortel om ei mangslungen klubb-karriere og om då hovudet til Christer George hamna i klørne hans.

OG ikkje minst er Kristian Valen med i sesongavslutninga og fortel om si fortid i nærradio, om tida som fotballspelar -og jammen byr han på ein parodi eller to også!