Inviterer til seminar om velferdsteknologi

Leve heile livet: Jan Gudmund Skrivervik leiar gruppa i kommunen som inviterer til konferanse om velferdsteknologi.  Foto: Roy Aron Myklebust

Nyhende

Onsdag inviterer Stryn kommune til seminar om velferdsteknologi.

Velferdsteknologi er brukerretta teknologi som har som mål å forsterke tryggleik, sikkerheit, omsorg, livskvalitet og gjere auka sjølvhjelp mogleg. Seminaret er eit tilbod til alle innbyggarane i Stryn kommune, spesielt tilsette, politikarar og eldre. Det har vore nedsett ei arbeidsgruppe i kommunen som har jobba med temaet.

– Stryn kommune implementerer velferdsteknologi i tenestene for å møte utfordringane i framtida innan helsesektoren. Ved å nytte velferdsteknologi gjer ein det mogleg for den enkelte innbyggjar å bu lenger i eigen bustad. For å ta i bruk slike løysingar er det nødvendig med kompetanseheving og haldningsarbeid til dei tilsette i tenestene, seier Jan Gudmund Skrivervik. Han er leiar i arbeidsgruppa.

– Vi har invitert ein del foredragshaldarar:

Harald Ekroll: Eit talerøyr for dei eldre, Eva Marie Halvorsen: Kva er viktig for meg, Vidar Furnes: Eiga erfaring med å bu i Smarthus og Roy Humlestøl frå Alarmsentralen fortel om brukarhistorie. Frå Stryn kommune møter Olav R. Faleide, Heidi Vederhus, Sven Flo og Jan Gudmund Skrivervik.