Fråteken førarkortet etter utforkøyring

Bilen vart påført store materielle skader i samanstøyten med fjellveggen på E39 rett vest for Vonlund grensehus.  Foto: Bengt Flaten

Nyhende

Ein eldre mann vart henta frå ulukkesstaden i ambulanse etter å ha køyrd i fjellveggen på E39 i Holmøyane, rett vest for Vonlund grendehus tysdag ettermiddag.

- Mannen var åleine i bilen. Spora på staden viser at han har kome utfor asfaltkanten og køyrd i fjellveggen på høgre side. Han har vore heldig ved at han trefte fjellet med sida på bilen, seier politibetjent Karl Martin Østby til Fjordingen. Dei materielle skadene på bilen er store.

Ulukka vart meldt klokka 16.18. Naudetatane i form av politi, ambulanse og Hornindal brannvesen kom raskt til staden. Bilføraren var bevisst og hadde kome seg ut av bilen sjølv, forklarer Østby.

Bilen kom frå Eid og køyrde retning Kjøs. Det var ingen andre bilar involverte i ulukka.

- Vi har gjort eit midlertidig beslag av førarkortet til føraren, seier Østby.

Trafikken vart dirigert forbi ulukkesstaden.