Åtte personar skaddd, ein av dei kritisk

Alvorleg trafikkulukke ved Grotli

Store styrker av politi, ambulansar og ambulansehelikopter er på plass på ulukkesstaden på rv 15 aust for Grotli.  Foto: Fjordingen-tipsar

Nyhende

Åtte personar var involvert i ei trafikkulukke på rv 15 aust for Grotli onsdag ettermiddag. I følgje politiet i Møre og Romsdal skjedde ulukka kl 17:09.

Politiet Innlandet opplyser på Twitter at tre personar er flydd sjukehusa i Trondheim, Ålesund og Førde. Den eine pasienten skal vere kritisk skadd.

Dei fem andre er køyrde til sjukehusa på Lillehammer, i Ålesund og til Førde med ambulanse.

Naudetatar frå aust og vest rykte ut til staden, og det vart og sendt ut fleire ambulansehelikopter. Politiet Innlandet opplyser at dei fem som ikkje er alvorleg skadde, har varierande skadegrad.

Alle dei involverte skal vere vaksne personar.

Det er autovern på eine sida av vegbana og skråning og fjellvegg på motsett side der ulukka skjedde.

Rv 15 var lenge stengt forbi ulukkesstaden. Utpå kvelden vart vegen opna ved manuell dirigering. Om lag kl 21.30 var vegen rydda og opna for trafikk igjen.