Cruisenæringa rettar seg etter skjerpa krav

Inspektørar frå Sjøfartsdirektoratet meiner cruiseskipa følgjer dei nye og strengare miljøkrava som blei innført i verdsarvfjordane på Vestlandet i vår.

Illustrasjonsbilde frå Olden.   Foto: Arkiv

Nyhende

– Skipa har innretta seg etter dei nye krava og det er atskilleg mindre røyk i dag, seier inspektør Jon Mårstøl i Sjøfartsdirektoratet til NRK, som har møtt inspektøren i Geiranger i Møre og Romsdal.

Sjøfartsdirektoratet har tidlegare varsla at dei vil prioritere å kontrollere at cruisenæringa følgjer dei nye miljøkrava. Eitt av krava er at svovelinnhaldet i drivstoffet maksimalt skal vere på 0,10 vektprosent.

For å sjekke dette, går inspektørane om bord i skipa og kontrollerer blant anna drivstoff-loggar og måler svovelinnhaldet i dieselen med avansert måleutstyr.

Sjøfartsdirektoratet har på førehand peika seg ut cruiseskip dei følgjer ekstra med på, og dessutan får dei tips frå hamner og publikum som meiner skipa forureinar mykje.

Ei bekymringsmelding retta mot cruiseskipet MS "Magellan" gjorde at skipet blei kontrollert tidlegare enn planlagt. Resultatet blei eit gebyr på 700.000 kroner til det greske reiarlaget Global Cruise Lines Ltd for å ha for mykje svovel i drivstoffet.

Mårstøl i Sjøfartsdirektoratet seier til NRK at han opplever at cruiseskipa no går på marin gassolje i staden for tungolje når dei ligg i verdsarvfjordane.

Gassolje er dyrare, og inspektøren meiner det gjorde at skipa ikkje tok den kostnaden før dei vart tvungne til det 1. mars.