Dagens leiarartikkel

Ny dødsulukke

Mannen som omkom under landing etter basehopp hoppa ut frå Marsåhyrna ved Flo.  Foto: Bengt Flaten

Å innføre forbod mot luftsport ville bety å kriminalisere all slik aktivitet

Nyhende

Inngangen til pinsehelga enda tragisk, då ein utanlandsk basehoppar mista livet då han landa på Oppstrynsvatnet natt til laurdag. Mannen i 20-åra hoppa ut frå Marsåhyrna ovanfor Flo med såkalla vingedrakt. Skjermen til den omkomne har ifølgje politiet løyst ut som normalt. Problema oppstod i det basehopparen skulle gå inn for landing. I staden for å gå ned på den vanlege landingsplassen på fylkesvegen, trefte basehopparen vatnet rett nedanfor. Redningsmannskap kom raskt til, men livet stod ikkje til å redde.