Nytt album frå Glennen

Honndøl og musikar Glenn Rand (27) håpar folk kjenner seg att i tekstane når han kjem med nytt album.

Nytt album: Glenn «Glennen» Rand frå Hornindal som held til på Haugalandet, er ute med nytt album. Foto: Presse  Foto: Presse

Nyhende

Albumet heiter «Igjennom mine auge», og består av 13 songar. Alle er på dialekt.

– Mesteparten av songane handlar mine om det å handtere diverse utfordringar. Nokre av dei er kjærleikssongar, medan der er ein song som er skriven til ungane mine, fortel Glenn Rand til Fjordingen.

Honndølen er busett på Haugalandet i Rogaland. I 2017 gav han ut albumet «Through my eyes».

– Etter eit prosjekt vart eg veldig inspirert til å fortsetje å synge og komponere tekstar på dialekt. Eg valde då å oversetje alle songane frå det engelske albumet, og spele dei inn på nytt. I ettertid kom EP-en «Frå ei tid til ei anna», samt singelen «Du er alt eg ser» og også «Vil lyset vise veg», som alle er med på det nye albumet, fortel han.

Planen hans vidare er å få musikken ut til eit publikum, og prøve å få til nokre spelejobbar.

– Eg håpar musikken min vil bli høyrt av flest muleg, og kanskje vil tekstane vere noko som folk kjenner seg att i, fortel Glennen.