398 og 399 for Guddal

Nærmar seg 400: Lars Guddal scora to mål mot Haugen.  Foto: Thomas Thaule (arkiv)

Nyhende

Oppstrynspelaren Lars Guddal nærmar seg ein ny milepæl i den blå drakta. No rundar han sjølv 400 scoringar straks. Frå før har storscoraren sett inn Oppstryn sine mål nummer 500, 1.000 og 1.500.

Guddal sette inn to mål i 3–4 tapet heime mot Haugen på tysdag. Dermed er 44-åringen berre eitt mål ifrå å nå 400 scoringar for Oppstryn.

Det første målet til Guddal kom på ei heading, medan det andre var eit straffespark som sat klistra i vinkelen. Rasmus Bø scora også for Oppstryn.

Oppstryn var det klart beste laget i 6. divisjonsoppgjeret på Lund stadion unnateke der det gjeld som mest: Framfor motstandaren sitt mål. Oppstryn sløste utilgiveleg medan Haugen tok vare på sine få sjansar.

Elles så spelte Frode Hool Egge sin første kamp for Oppstryn etter overgangen frå Stryn.