Dagens leiarartikkel

Offensiv satsing på frukt og bær

Her blir eple: Dagleg leiar for Innvik Fruktlager, Anita Roset og Eyvind Reme framfor området som etter kvart får 10.000 epletre.  Foto: Inge Fænn

Innvik Fruktlager sin posisjon som motor for frukt- og bærbøndene, må ikkje bli svekka

Nyhende

Satsinga på frukt og bær i Stryn kommune, og særleg i Innvik og Utvik, har vore formidabel dei siste åra. Onsdag kunne Fjordingen fortelje om planar for nyplanting av 10.000 epletre på Skåden i Innvik. I tillegg er andre fruktbønder i området i gang med nyplanting, slik at talet på nyplanta frukttre i Innvik og Utvik truleg passerer 15.000 i løpet av neste år.