SoFjo Pride 2019:

Sogn og Fjordane for alle!

Pride: Sandra Edith Tenud er leiar i SoFjo Pride 2019.  Foto: Privat

Ein fersk rapport frå institutt for samfunnsforskning og barne- og familiedirektoratet syner til at heile 23 prosent av LHBT-personar har blitt utsatt for hets og truslar

Nyhende

14.-16. juni arrangerer vi Pride for fyrste gong i Sogn & Fjordane. I år reknar ein nemleg at det er 50 år sidan Pride blei markert for fyrste gong, sidan det er 50 år sidan opprøret på Stonewall i New York og LHBT+ aktivisten Kim Friele blei hedra for sitt arbeid i Bergen no nyleg. Historiske kampar er vunne, men det er framleis mange igjen.

Derfor tenkte vi at det var på tide at Sogn og Fjordane blei ein del av denne historia, ved å arrangere Pride her for fyrste gong og vise at våre kommunar er for alle!

Stadig fleire LHBT+ menneske flyttar frå distriktet og Sogn og Fjordane for å kunne vere den dei er og elske den dei ynskjer. Målet for Sofjo Pride 2019 vil vere å motvirke dette, og samstundes bidra til meir vekst i fylket vårt. Vi let oss inspirere av «Bygdepride» i Volda, som var ein stor suksess. Dei, og andre har vist at det går an å få det til.

Ein fersk rapport frå institutt for samfunnsforskning og barne- og familiedirektoratet syner til at heile 23 prosent av LHBT-personar har blitt utsatt for hets og truslar. Dette er dobbelt så mykje som befolkninga ellers. Og 1 av 4 LHBTI+ mennesker har opplevd hatytringar det siste året. I den norske skulen er «jævla homo» eit av dei mest brukte skjellsorda.

Hovudarrangementet vert i Førde, og programmet vil innehalde panelsamtalar og debattar, konsertar, parade, quiz, konkurransar og mykje meir!

Fredag vil vi opne Pride med at fylkesordføraren klipper ei regnbogesnor og med ein panelsamtale om korleis vi skal få fleire LHBT+ menneske til å verte buande i Sogn og Fjordane. Laurdag skal vi gå i parade ved Festplassen i Førde. Vidare blir det appellar, prisutdelingar, konsertar og meir ved Førde rådhus utover dagen. Seinare skal det vere to konsertar med KEiiNO ved Larris og ein skeiv quiz ved Pikant. På søndag vil det vere open kyrkje i Førde med roleg musikk. For oss har det vore viktig med eit bredt program med rom for alle. Derfor arrangerar Skeiv Ungdom i Sogn og Fjordane ein alkoholfri fest ved akutten på laurdag. Det skal ikkje ha noko å seie kven du er og kva bakgrunn du har, Pride er for alle! Det fulle programmet kan ein lese på vår facebookside «Pride - Sogn og Fjordane». Nedanfor kan ein lese ein tekst som leiaren av Skeiv Ungdom i Sogn & Fjordane har skreve om kvifor han markerar at han er stolt i Sogn & Fjordane:

– Mitt namn er Thanushan Nagendran, og eg er 19 år gammal. Som ung hadde eg kjennskap til ordet «homo» som skjellsord ettersom det ofte blei brukt blant elevane på barne-skulen min, men visste aldri kva det eigentleg betydde.

På barneskulen blei eg ekskludert og sett rart på ettersom eg var overvektig, av en annan etnisk bakgrunn og fordi eg oppførte meg annleis enn dei andre. Mange gonger hørte eg på dei streite gutane i klassen min og prøvde å imponere jentene, men endte alltid opp med å bli avvist. Det var like elendig kvar gong, og eg gjorde mykje rart for å få meir oppmerksomheit, ettersom eg var desperat på å bli akseptert og sett på som eit menneske slik som dei andre.

Eg tenkte aldri på kjærleiken slik som den eigentleg var ettersom eg trudde eit heterofilt forhold var det einaste som eksisterte, før verkelegheita kom som eit sjokk på starten av ungdomsskulen. På denne perioden nekta eg at eg er homofil, og leita desperat etter ei løysning på denne «uvanlege» tilstanden. Det blei mange emosjonelle netter åleine på soverommet, med mykje gråting og elendigheit. Eg tenkte: «Kvifor måtte det vere akkurat meg?». Etter kvart begynte eg å sjå på denne sida av meg som noko eg må leve med resten av livet. Etter kvart blei eg meir aksepterande, og sjølvbiletet mitt blei gradvis betre.

No som eg ser tilbake på den tida, realiserer eg kor enklare den tida hadde vore for meg og andre personar som går gjennom det samme på denne tida, dersom vi hadde hatt nokon å sjå opp til. Nokon som hadde sette fokus på og feira den mangfaldige kjærleiken. Nokon som hadde fortalt at det er fint å vere forskjellig. Nokon som hadde informert oss om at ikkje alt handlar om heterofile forhold. Derfor synest eg at Pride er eit viktig arrangement som fremmer kjærleiken og mangfaldet.

Eg legg til dagleg merke til at det er minimalt med åpne homofile på min alder på bygda, i forhold til i byen. Eg trur at dette kan ha med stigmaet rundt det å vere homofil på bygda. Ettersom rykter har ein tendens til å spreie seg som ild i tørt gress, særleg på bygda, trur eg ungdommane blir skremt av tanken på å komme ut av skapet og vere åpen om den seksuelle legninga si. Eg trur at Pride kan bidra med å auke toleransen, fjerne fordommane, og ikkje minst blir vi som ein stemme for dei usikre, redde ungdommane på bygda som leitar etter meining i livet.


Sandra Edith Tenud

Leiar SoFjo Pride 2019

Thanushan Thaya 

Leiar Skeiv Ungdom Sogn & Fjordane