Stryn kommune heiste Pride-flagget

Fredag heiste Stryn kommune Pride-flagget utanfor kulturhuset.

Stryn kommune heiste Pride-flagget fredag.  Foto: Thomas Thaule

Nyhende

Det var ordførar Sven Flo og varaordførar Torstein Tvinnereim som saman heiste flagget.

– Flagget skal henge oppe til måndag for å symbolisere inkludering og mangfald. Eit symbol for inkludering av homofile, bifile og transpersonar, men også for eit ope samfunn med plass til alle, skriv ordføraren på Facebook.

I helga blir Pride arrangert i Førde, for første gong i Sogn og Fjordane.

Arrangøren, SoFjo Pride 2019, let seg inspirere av «Bygdepride» i Volda som gjekk av stabelen nyleg, som vart ein stor suksess.

Les også: Sogn og Fjordane for alle.