Stryn møter Florø 2 i dag:

Sæten Hopland ute av spel

Vegard Sæten Hopland, her i duell med Sogndalkaptein Ulrik Flo i cupkampen tidlegare i år, er framleis sett utav spel for Stryn.  Foto: Stig Høynes

Nyhende

Vegard Sæten Hopland ser ut til å vere sett ut av spel heilt fram til haustsesongen tek til att.

Det er ein vond lyske som gjer at Sæten Hopland knapt har vore på bana for Stryn i Kretsligaen så langt denne sesongen. No må truleg trenar Geir Inge Rake klare seg utan den allsidige spelaren ut vårsesongen, noko som er eit hardt slag for raudtrøyene.

– Eg har vore på MR, det er ein betennelse i ein muskel eg slit med. Eg har fått treningsprogram frå fysio og skal gradvis begynne med fotball etter kvart, seier Sæten Hopland sjølv til Fjordingen. På den lyse sida har Rake nærast ein fulltalig tropp.

– Alle studentane er komne heim, dermed får vi samla alle på trening denne veka. Eg trur det blir viktig inn mot helga, seier Rake.

Også Ruben Garlid er tilbake i bygda og starta å trene med gamle lagkameratar denne veka. Garlid blir mest sannsynleg med i troppen når Stryn tek imot Florø 2 på Stryn stadion laurdag.

Jonas Denk derimot er truleg ute grunna strekk.