Hjelpemiddel med velferdsteknologi:

Skal gje rett teneste til rett tid

Stryn kommune inviterte alle innbyggarane til seminar om velferdsteknologi sist onsdag. Jan Gudmund Skrivervik, leiar i prosjektgruppa, innleia seminaret ved å fortelje om prosessen.

Aktuelle hjelpemiddel: I ein innlagd pause fekk publikum møte ulike leverandørar for hjelpemiddel som kan vere aktuelle. Både digitale varslingar som passar på oss om natta, låsesystem for pårørande/heimeteneste og framtidige tryggleiksalarmar og tenestene som kan knytast opp til desse. Her er Ellen Myrland frå Roomate. 

Er det nokon som har vakse opp med teknologi så er det vel vi. Vi har opplevd månelandinga, fått TV i fargar og vi har til og med fått Primula-osten på tube!

Eva Marie Halvorsen, pensjonist
Nyhende

– Vi har møtt både positive, nyfikne og skeptiske reaksjonar, sa han.