God start på laksefisket

Det vart ein uvanleg god start på laksesesongen i Olden i helga.

God start på sesongen: Anders Straumsheim med ein flott gladlaks etter sesongstart i Oldenelva. Foto: Privat 

Nyhende

Dei første 12 timane på opninga av laksefisket i Oldenelva har gått inn i historiebøkene, fortalde oppsynet i Oldenelva laurdag.

Tre fiskarar har hatt 20 laks på krok og landa 12 av dei, alt på flugefiske. Tre skikkelig store laksar sleit etter lang tids kamp nedover elva. Alle laksane er i god kondisjon og satt ut igjen på elva. Ingen teikn til sjukdomen som herjar i lakseelvene sør-aust i landet.

Dei gode resultata skuldast truleg det gode samarbeidet mellom fiskarane og elveeigarlaget med praktisering av fang og slepp dei foregåande sju åra. Dette har ikkje vert praktisert tidligare.

No blir det spennande å sjå korleis fisket utviklar seg vidare i juni med god vannstand og flotte forhold i elva, rapporterer oppsynet i Oldenelva.