No kan du laste ned eigen app:

Kart over tilrettelagde fiskeplassar

Kartlegging: Norges Jeger- og Fiskerforbund har for første gong laga ei digital oversikt over HC-tilrettelagde fiskeplassar. Leif Arild Fjellheim er sjølv rullestolbrukar og har jobba med kartlegginga.  

Fiske er for alle, og då meiner vi alle. Med denne tenesta vil vi vonleg fjerne nokre barrierar slik at fleire funksjonshemma skal få kome seg ut i naturen

Kart: Kartet viser registrerte fiskeplassar tilrettelagde for rørslehemma. Her i distriktet er den einaste registrerte fiskeplassen å finne i Hornindal, rett ved Hornindal skule. 

Nyhende

Norges Jeger- og Fiskerforbund har for første gong laga ei digital oversikt over fiskeplassar tilrettelagde for rørslehemma. Kartet viser også utsettingsplassar for småbåtar. Oversikta finn du i ein app laga for NJFF og i ei nettbasert kartløysing.

Fiske er for alle

– Fiske er for alle, og då meiner vi alle. Folk flest kjenner ikkje til dette tilbodet, og det er det vi prøver å gjera noko med no, seier Steinar Paulsen, sportsfiskekonsulent i NJFF.

Tilrettelagde fiskeplassar har vore anlagt mange stader, men ingen har likevel hatt fullstendig oversikt. NJFF-appen viser deg no den næraste tilrettelagde fiskeplassen din i ei eiga kartløysing.

Appen til NJFF kan du laste ned i App Store og Google Play.

– Eg er rullestolbrukar etter ein ryggmargsskade for nokre år sidan, fortel Leif Arild Fjellheim.

Han er studieleiar i Karmøy JFNF og har vore med på prosjektet for HC-tilrettelagde fiskeplassar og utsetjingsramper for båt.

– Med denne tenesta vil vi vonleg fjerne nokre barrierar slik at fleire funksjonshemma skal få kome seg ut i naturen, seier Fjeldheim.

– Eg ønskjer alle lykke til med bruk av karttenesta og vil samtidig nytte høvet til å takke NJFF som har sett i gang dette arbeidet heilt på eige initiativ.

Tek imot informasjon om fleire

I NJFF-appen finn du òg ei landsdekkande oversikt over båtramper som kan nyttast av alle.

Kartet viser at det her i distriktet finst berre éin registrert fiskeplass tilrettelagd for funksjonshemma. Denne finst rett ved Hornindal skule.

NJFF seier dei er klar over at dei ikkje har fått med alle tilgjengelege fiskeplassar eller båtramper, og at dei meir enn gjerne tek imot all ny informasjon og korrigerer kart og informasjon dei allereie har. Oppdateringar vil bli gjort så snart dei får inn nye tips om tilrettelagde fiskeplassar eller båtramper.